KVA VIL VI MED FUNNA PÅ AUREMARKA?


Ulike arbeidsgrupper har over mange år jobba med planar om å få formidla den unike historia som kan dokumenterast har funne stad på Auremarka i Sykkylven. Gjennom boka til fylkeskonservator Bjørn Ringstad; «Aura-Pål sitt rike - Auregarden i førhistorisk tid og tidleg mellomalder, er denne rike historia godt skildra. Etter funna og dei store utgravingene som vart leia av nettopp Bjørn Ringstad for over 30 år sidan har diskusjonen gått om kva som skjer og bør skje på Auremarka, idear og planar har blitt presentert, men lite realisert.

Erfaringar frå andre stadar syner at tolmod blant eldsjeler er det som må til for å kunne realisere slike historiske formidlings-sentra. Eit døme på dette er Sagastad på Nordfjordeid med det lengste vikingskipet som er funne spor av i Norge. Dette vart opna i mai 2019 og hadde første året (7 månader) vel 20.000 besøkande. Det er eit slikt senter mange i Sykkylven har ønskja seg, og også vi i Aura-Påls vener ønskjer dette skal realiserast.

Som Sagastad og fleire andre plasser I landet har også Auremarka ei lang og rik historie å fortelje. Vi kan feire plyndrande vikingar. Men vi kan også fokusere på dei fredelege bronsealderkvinnene med makt og teknologisk innsikt som levde halvtanna tusenår før.

Det er berre å velje, for sykkylvshistoria er lengre og meir innhaldsrik enn vi trur og her er stoff nok for alle. Det er kortare tid frå dagens samfunn til vikingtida (790 - 1066) enn det er frå vikingane og tilbake til dei første jordbrukarane som pløgde åkrane sine på Aure. Medan isen enno låg i dalane fiska dei første innbyggjarane torsk og jaga fugl og rein i fjellet. I det perspektivet er den store Gildehallen som vi drøymer om å få bygd opp att som vikinghall, nærast moderne. Likevel, Gildehallen kom på plass på Auremarka fleire hundreår før vikingtida tok til.

I diskusjonen om kva som skjer og skal skje på Auremarka er det ein del forvirring om omgrep og historiske epokar. Det er ikkje så rart, for det er snakka om så mange tusen år. Og akkurat det er det spesielle med funna på Auremarka, den lange tidsepoken den representerer. Her kan du gå gjennom Steinalderen (10.000 - 1800 år f Kr.) og inn i Bronsealderen (1800 - 500 f.kr.) inn i Jernalderen ( 500 f Kr - 1030 e Kr.) til Vikingtida,(790 - til ca 1060) og vidare inn i Middelarderen (500 - 1500 e Kr.) og fram til dagens klyngetun, og det, berre på nokre få hundrede meter. Heilt ideelt for ein historisk formidlingspark.

Steinalderfolket som budde her var jegerar og nomadar. Typiske funn etter steinalderfolk er pilspissar, små knivar og økser av flint eller kvartsitt. Funn frå buplassar viser at maten var villsvin, gråsel, elg, bjørn ekorn og oter, lomvi og ulike variantar av torskefiskar pluss urter og nøtter. I eldre steinalder var det jakt på reinsdyr med ledegjerde der dei jaga dyra utfor stup i sunnmørsfjella. I yngre steinalder er det registrert ein stor folkeauke, truleg på grunn av at det første jordbruket med fe og åkerbruk breidde seg og gav mat til fleire.

I steinalderen låg Auremarka for en stor del under vatn. For 10.000 år sidan stod havnivået om lag 40 meter høgare enn i dag og for 6000 - 8000 år sidan om lag 17 meter over dagens nivå. Dei eldste funna er gjort i bakken ovanfor sletta og er frå steinalder, ca 2500 - 4000 f. Kr. Blant funna er bl.a. mikroflekker (Rellingmarka) og ei slipt trinnøks (Kildehaugtomta). Jordbruket oppstod ofte på tampen av steinalderen, men det er uvisst om det også skjedde her i Sykkylven.

Så kom Bronsealdaren (1800 - 500 f.kr.) Bronse, som perioden har fått namn etter, var lett å forme, men eigna seg dårleg til reiskapar. Framleis brukte dei dolkar av flint, felte tre med flintøksar og kutta kornet med flintknivar. Den dyre importerte bronsen vart først og fremst brukt til å lage religiøse gjenstandar og statussymbol.

Nokre typiske trekk ved bronsealderen var at det var eit stammesamfunn med eit krigararistokrati som bygde sin posisjon på våpenmakt, men også på prestisje som bygde på tilgang til bronse og andre importerte varer. Det var tydeleg stor handelskontakt internt i sør-Skandinavia og med Kontinentet. Krigarsymbolikk er det lite av i bronsealdergravene. Det kan tyde på at det var ein fredeleg periode. Det var eit godt og varmt vêrlag og gode forhold for landbruk. Landbruk vart for alvor måten å livberge seg.Kveg, sau og hestar vart teke i bruk som husdyr. Mindre og enkle hus utvikla seg til langhus, til bruk både for både folk og fe. Reisverk av tømmer, veggene fletta av kvist og halm og klint tette med leire, strå og kumøkk, slik også bronsealderhuset på Auremarka er bygd.

Når folk vart fastbuande og fekk husdyr, knekte også bronsealder-kvinnene koden med veving. Gravfunna viser at folk gjekk i kjortlar og side skjørt. Ei ung jente i ei grav hadde eit kort trådskjørt og ein topp som verkar forbløffande moderne. Heilt i byrjinga av bronsealderen var smykka enkle og nesten utan dekor. Mot slutten av bronsealderen er det utvikla fantastisk intrikate mønster. Bak på ryggen bar kvinnene ofte ein liten flat rund boks av bronse som var rikt dekorert. Dette var nok den tids damehandveske.

Andre smykke var halsringar, armringar og såkalla brillespenne som dei brukte til dømes for å halde kappa saman. Vi finn også rakeknivar og pinsettar. Kleda var gjerne av plantefarga tekstilar: kapper, kjortlar, trøyer. Dei fleste menn frå denne perioden var glattbarberte. Sveisen var viktig både for kvinner og menn. Kvinnene har gjerne oppsett hår, av og til også eit fint hårnett for å halde på frisyren.

Arkeologen Marija Gimbutas frå Litauen såg bronsealderen som ei samling fredelege og tolerante samfunn utan store forskjellar i makt og eigedom. Ho antyda at kvinner kunne vere leiande i styringa av samfunnet. Denne styreforma vart seinare overmanna meir mannsdominerte kulturar sørfrå. (Kurgan-hypotesen)

Teorien er omstridd, men: «Det er tydelig at kvinner hadde en form for religiøs eller rituell rolle i bronsealderen. Smykkesettet saman med klesdrakten med fokus på spiralornamentikk tyder på en solkult, eller/og en fruktbarhetskult der utvalgte kvinner hadde en sentral rolle, kanskje til og med ledere. Dei mest konkrete spora etter dei tidlege Aurebøndene er dei mange furene etter arden som vi finn under matjorda på Auremarka.Dei eldste klart definerte husa på Auremarka er frå yngre bronsealder, 700- 600 år f. Kr .(nord for Nyss). Førebels er det identifisert fire hus, men spor frå fleire hus i nærleiken kan vere like gamle.

Men Auregarden er eldre. Dei eldste C14-dateringane er frå stolpehol frå noverande p-plass ved Coop Mega datert 1155 - 915 f Kr. Ein har diverre ikkje greidd å finne noko system i stolpehola, men det er svært sannsynleg at det er eit gardshus. Vi har altså grunnlag for å seie at det truleg har vore drive landbruk i dette området i minst 3000 år. Det er ikkje utenkjeleg at vi kan trekkje utviklinga av den første garden tilbake til slutten av yngre steinalder, altså for 3500 - 4000 år sidan, skriv Bjørn Ringstad i boka Aura-Pål sitt rike.

Så kom Jarnalderen ( 500 f Kr - 1030 e Kr.) Samfunnet var styrt av småkongar og rettsfellesskap i delar av landet. Den politiske samlinga av Noreg byrja på slutten av 800-talet. Jarn revolusjonerte heile samfunnet. Det galt reiskapar, og spesielt våpenteknologien. Reiskap og skipssaum av jarn førte til at ein kunne lage betre skip. I motsetning til bronse kunne ein utvinne jarn frå lokale ressursar (myrmalm).

Rundt år null var truleg Noreg sjølvforsynt med jarn og utvikla ein avansert produksjon. Betre skip førte til meir handel og vi finn spor etter stor kontakt med omverda: romerske gullmyntar, sverd, glasbeger, kjelar, auser og bronsestatuettar frå dei romerske provinsane. I yngre jarnalder er det aukande handelskontakt austover og i vikingtid var kontakten stor både austover og vestover. Norske eksportvarer var blant anna fangstprodukt, kleberstein og jarn og dei bytte til seg myntar og edle metall, klede, glasvarer og smykke.

Etter år 0 var det ei ekspansjon i landbruket. Dyrking av bygg og havre, lin og ein del urter var vanlegast. Reiskapar av hakke, trespade og ard som utvikla seg til ein plog med jarnbeslag. Til å skjere kornet brukte ein jarnsigd. Vanlege husdyr var hest, ku, sau, gris og høns.

Åsatru - trua på dei gamle norrøne gudane - dominerte fram til kristninga av Noreg rundt år 1000 - og ei god stund etterpå. Klede av ull og lin var vanleg. Sko av skinn.

Så starta den berykta Vikingtida. I dagleg tale snakkar ein gjerne om vikingtid som om det er ein stor æra i den nordiske historia. Men vikingtida blir rekna frå år 790 - til ca 1060. - altså ein periode på eit par hundre år.Vikingtida var ei ekspansjonstid. Klimaet var mildare. Det var folkeauke i Skandinavia. På Vestlandet var det mangel på jordbruksland, noko som førte til kolonisering av Island og Grønland. Handelen med Europa auka kraftig og ein fekk sikra tryggare handelsruter mellom Skandinavia, Friesland og England. Den teknologiske utviklinga var stor og gjorde landbruk og fiske, våpen og båtar meir effektive. Politisk fekk kongane større makt i høve til dei lokale småkongane.

Det kan sjå ut til at det meste av Auremarka er dyrka opp i år 0 - altså kring 90 mål. Truleg var det mest dyrking av korn i åkrane medan husdyra gjekk i utmarka.
Litt nord for bronsealderhusa er det funne to hus frå førromersk jarnalder (350 - 100 f Kr). Dei har vore 12,5 meter lange og vel 5 meter breie med 6 -7 par takberande stolpar. Gavlveggene var avrunda. Golvet har vore av leire. I eitt av husa var det spor etter grue. I det andre ser det ut til å ha vore ei kokegrop. Typologisk liknar desse husa bronsealderhusa, men ser ut til å ha vore meir forseggjort og regelmessige og noko større.

Det vart også funne eit mindre hus/uthus på Sparebanktomta. Så langt har ein spor etter minst ti hus i området mellom Aure sentrum og klyngetunet Auregarden. Dei fleste spora som er tidfeste med C 14-metoden ligg innanfor tidsrommet romersk jarnalder - folkevandringstid (0 - 570 e Kr. Det best dokumenterte huset her er 39 meter lang, plassert aust- vest med to rekkjer takberande stolpar. Ei stripe mørk jord markerer ytterveggene. Det er truleg vore brukt leire til golv. Ekstra grov material har vore brukt i midtskipet. Det kan tyde på at bygninga har hatt eit loft/ekstra etasje. (jmfr stavkyrkjeteknikk).

Gildehall: Like ovanfor kyrkja er det funne spor etter ei av dei største bygningane frå førhistorisk tid i Noreg. Dateringa er noko uviss, men truleg frå år 500 til 750 etter Kristi fødsel.

Huset har vore 56 -57 meter langt og 9 -10 meter breitt, altså ei grunnflate på 500 - 560 kvadratmeter. Langveggane har vore svakt bøygde slik at huset var breiast på midten. Stolpehol og avstanden mellom dei viser at det må ha vore brukt grov tømmer. Det er ikkje utenkjeleg at det var eit midtskip i to etasjar. Det ser ut til å vere spor etter døropninga i austre ende av nordre langveggen. Det har truleg vore fleire dører. Sentralt i huset er det funne restar av ein større avlang eldstad og i vestre delen er det også funne spor etter gruer. Ein veit ikkje sikkert om eldstadene høyrer til langhuset eller om dei har vore i andre hus som er bygd på denne tufta seinare. Kun langhuset som er i Borg i Lofoten er større enn Gildehallen det er funne spor etter her.

Så går tida inn I Middelarderen (500 - 1500 e Kr.) Omgrepet Middelalder/Mellomalder brukar vi om perioden frå den katolske kyrkja fekk ei viktig rolle i Noreg og fram til reformasjonen som førte til eit brot med pavekyrkja. Høgmiddelalderen var ein periode med blomstring og auke i folketal og byvekst. Kyrkje og konge styrkte makta si og kontrollerte innbyggjarane gjennom administrasjon, lover og skattar. Noregsveldet var størst rundt kong Håkon Håkonson etter 1240. Svartedauden og fleire etterfølgjande pest-epidemiar herja frå 1340-åra. Folketalet gjekk drastisk tilbake. Frå 1319 delte Noreg konge med Sverige og Danmark i Kalmarunionen og då middelalderen sluttar, blir Noreg styrt frå København.

I denne tida heldt Aure fram med å vere sentrumsgarden i Sykkylven. Aure var den første kyrkjestaden. Den eldste skriftlege kjelda nemner Aure som kyrkjestad i år 1325. Seinare er kyrkja nemnd i Aslak Bolts si jordebok frå 1432.
Men ein gravstein av marmor (178 cm lang) med ei tresida topp - som på ei likkiste - er av ein type som ein kallar kisteforma stein. Denne gravsteinen finst ved kyrkja den dag i dag. Denne kisteforma steinen tyder på at grava er frå 1100- eller 1200-talet. Det peikar mot at her har stått ei kyrkje her på same tid. Det er sjeldan å finne denne type kisteforma gravsteinar her i landet. Enkelte forskarar har antyda at det må vere han som reiste den første kyrkja som er heidra på denne måten.

Utanfor sørveggen i koret til marmorkyrkja på Giske ligg det også ei slik kisteforma grav av marmor. Aure var nemleg garden til Aura-Pål, som er den første historisk kjende personen som vi kan knyte til Sykkylven. Han er omtalt i Snorres kongesoger. Aura-Pål var Pål Skofteson (1100 - 1160). Han var av Giske-ætta (Arnungane) og lendmann. Kanskje var han den første kyrkjebyggjaren.

Han var son av Skofte Ogmundson, også lendmann. Skofte kom på kant med kong Magnus Berrføtt i ein krangel om ein arv og drog frå landet. Han tok med dei tre vaksne sønene sine. Pål fekk truleg ikkje vere med fordi han var for ung. Skofte og sønene drog med fem skip via Flandern og Frankrike og gjennom Gibraltar. Ferda deira var kanskje først og fremst ei handelsferd, men blir rekna som den første korstoget frå Noreg. Skofte døydde i Roma i 1103. Også sønene hans døydde på ferda. Men andre deltakarar i ferda kom heim, «nokre frå Jerusalem og andre frå Miklagard» (Konstantinopel/Istanbul), skriv Snorre.

Aura-Pål budde kanskje ikkje fast på Aure i heile sitt liv, men i alle all lenge nok til at det var naturleg å kalle han opp etter Auregarden. Nokre har meint at han flytta frå Giske til Aure under borgarkrigen fordi det var tryggare inne i fjorden. Aura-Pål var truleg den som overtok Giske-godset etter farens død. Ei av døtrene hans vart gift med Kolbjørn på Grebstad, ei anna til Stadheim i Sunnylven. Det er han vi har henta namnet frå, Aura-Påls vener.

Opplevingar på Auremarka

Auremarka har nokre ekstra fortrinn framfor andre fornfunn som kjem til syne rundt om i landet etter kvart som flateavdekking med gravemaskin og georadar blir teken i bruk. For det første det lange spennet av historia frå steinalder til vår tid. For det andre: At dette området finst kloss i tettstaden Aure. Det vil seie at tilreisande turistar vil finne butikkar, kafear og andre tilbod som er interessante i nærleiken og at aktiviteten på Auremarka kan styrke tilbodet i sentrum. For det tredje: Vi har spor etter ei av landets største førhistoriske bygningar. Her har det budd storfolk.

I 2014 - 25 år etter funna blei gjort sette Sykkylven kommune ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på tidlegare materiale og sjå kva som var mogleg å realisere både praktisk og økonomisk. Komiteen presenterte 3 byggjesteg og anbefalte samtidig å opprette ei veneforeining - Aura-Påls vener.

Byggjesteg 1: Førhistorisk tun: Det planlagde førhistoriske tunet med steinalder, bronsealder og kanskje også etter kvart jarnalderhus, såg ein føre seg kunne gjerast på dugnad. Bronsealderhuset stod ferdig sommaren 2019 og er i dag i bruk av skuler, private og bedrifter. Dugnadsgjengen tenkjer også å få opp ei enkel steinaldergamme og steinlabyrinten etter modell frå Vartdalsfjella. Eit gjerde for å avgrense tunet bør også på plass. Aura-Påls vener tenkjer oss at tunet kan brukast av skular og barnehagar på dagtid og av lag og organisasjonar på kveldstid. Her kan ein lage mat over open eld og fortære kortreist mat og drikke. Tunet er også tenkt som ein arena for bogeskyting, riding, ulike historiske leikar og konkurransar og handverkskurs. (lage bogar og piler, knivmaking, nålebinding osv). Sunnmøre Museum vil kunne ta på seg å selje billettar og guide turistar som kjem innom. Dei er alt i gang med slik formidling til skuleelevar. Ei lita utstilling av oldsaker er på plass i museet og er vere ein fin inngang til aktivitetar på Auremarka.

Byggjesteg 2: Vernedekke. Den kommunalt nedsette Auremark-komiteen foreslo eit vernedekke i skifer over tufta til den mest 600 kvm store Gildehallen frå folkevandringstida. Tanken er å vise området der hallen har stått. Plassen som ligg inntil Kyrkjeparken blir som ein ekstra festplass. På skiferdekket kan folk stå tørrskodde ved 17. mai-arrangement og friluftskonsertar. Det blir ein fin plass å spasere og sitje. Over skiferen er planen å plassere trestubbar som viser kor røysverket til hallen var plassert. Disse vil bli brukt som benkar og vil vere lyssett for å gi eit inntrykk av dimensjonane på hallen når det er mørkt. Her kan ein også mure gruer over dei opphavlege gruene i Gildehallen. Planane er alt godkjent av Riksantikvaren og får vi nok støttemidlar til prosjektet så kan det alt stå ferdig neste år.

Byggjesteg 3. Gildehallen. Gildehallen er eitt av dei største husa frå førhistorisk tid som er funne i Noreg og skriv seg frå perioden 500 - 750 e. Kr. Byggjesteg 3 går ut på å reise eit bygg som i størst mogleg grad er slik Gildehallen ein gong har sett ut. Men korleis såg det ut? Det veit vi eigentleg ikkje så mykje om.

Det arkeologien kan fortelje oss, er grunnrisset av bygningen, talet på stolpar og dimensjonen på dei osv. Det er funne leire i øvst i stolpehola. Det tyder på at hallen har hatt leirgolv. Det er ikkje bevart sikre spor etter ytterveggene i huset, men det vart funne eit par mørke striper i det nordaustre delen av huset. En av desse er truleg merke etter ein svillstokk. Det andre kan vere merke etter takdryppet. Langveggane var svakt bogne og huset var altså breiast på midten. Ytterveggen må ha vore av ståande plank som stod på ein liggjande svillstokk.

Det ser ut til at stolpane har vore 45-50 cm i tverrmål. Enkelte av stokkane kan ha vore grave 1,2 meter ned i bakken. Huset har vore treskipa. Stolpehola i midtskipet er vidare enn dei andre, noko som tyder på at ein har brukt grovare tømmer. Det er ikkje utenkjeleg at midtskipet har vore høgare enn resten av bygget, slik vi finn det i enkelte stavkyrkjer frå mellomalderen. I austre enden er det funne merke etter to stolpar som truleg har vore ei døropning. Det var truleg fleire dører i bygget. Sentralt i huset blei det funne restar av ein større avlang eldstad som truleg har høyrt til i Gildehallen. Ein kan lese meir detaljert om Gildehallen i boka Aura-Pål sitt rike.

Det spesielle med funna i Sykkylven er det lange spennet i tid frå steinalder og fram til vår tid. Vi har grunnlag for å vise fram landbruk gjennom 3000 år. Vi kan fokusere på utviklinga av religion og mytar frå bronsealderens soltilbeding via åsatru til kristendom og dagens materialisme/humanisme. Vi kan fokusere på eit fredeleg og likestilt bronsealdersamfunn og kvinnemakt.

Får vi bygd ein Gildehall, vil ein ha eit lokale med plass til mange menneske. Her vil det vere mogleg å servere mat og drikke til cruiseturistar og bussgrupper. Gildehallen kan brukast til servering i samband med Sykkylvsdagane. Her kan ein invitere på steinaldermat, utdrikkingslag med viking-tema og servere ulike former for tradisjonsmat. Her kan ein demonstrere vevteknikk og nålebinding, skinnhandverk og arrangere bogeverkstad. Bondeorganisasjonane bør engasjere seg for å vise fram tre- fire tusen år gamle landbrukstradisjonar. Bondens marknad og gardsbruk som er interessert i å levere kortreist mat til Gildehallen bør også inviterast med.

Ein Gildehall vil ikkje berre vere eit landemerke og ein attraksjon i ei etterlengta turistsatsing i Sykkylven, men den vil også kunne gi ringvirkningar til andre kommunar rundt oss. Bygging og drifting er ikkje noko som frivillige organisasjonar, dugnadsgrupper eller kommune kan ta ansvaret for. Bygging og drift må skje i kommersiell regi med stateleg økonomisk hjelp. Kommunen eig grunnen og må legge premissane for utviklinga. Kommunen må avgjere om ein vil prioritere dette prosjektet og gi den starthjelpa som trengs.

Etter initiativ frå Aura-Påls vener, ordføraren i Sykkylven kommune, og Sykkylven Næringsutvikling blei Segel AS leid inn som porosjektleiar for eit forstudiet I 2019. Selskapet hadde og prosjektleiar-rolla for Sagastad, og erfaringane derifrå er såleis særs relevante for utvikling av eit visningssenter på Auremarka.

Forstudiet konkluderer med at det er grunnlag for å bygge ein historisk park på Auremarka som vil bli ein attraksjon både for regionale besøkande og turistar. Det vert difor rådd til å gå vidare med arbeidet gjennom eit forprosjekt.Skriv inn tekst her

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang